søndag 18. juni 2017

Den siste oppgåva

I dette studiet har eg først og fremst lært noko om kor mykje eg ikkje kan. Eg ser framleis ikkje meg sjølv som spesielt profesjonsfagleg kompetent i bruken av digitale verktøy i Kunst og handverk. Slik er det vel gjerne ofte. At dess meir ein lærer om eit emne, dess større hol vert ein merksam på. 
Eg hadde nok tenkt at det var i KUH eg skulle få den største kompetansehevinga i studiet, og eg har absolutt endra både undervisning og tankebaner i faget. Men samtidig har året hjelpt meg med det didaktiske arbeidet i andre fag eg underviser i. Eg er meir kritisk til kva eg nyttar, både av bilde og kjelder. Eg har større variasjon i bruken av digitale verktøy. I tillegg diskuterer eg stadig oftare digitale utfordringar med mine kollegaer.
Så gjenstår det å sjå, kor fort min kompetanse går ut på dato, kor raskt utviklinga går, og i kva grad eg klarer å følga med i utviklinga. Det kjens godt at dette travle året er over. Men og vemodig. For no må eg pressa meg sjølv til oppdatering og utprøving i nye program. Eit godt stykke på veg er eg jo. 
No er det berre til å nyta lange dagar og lyse netter. God sommar!


fredag 21. april 2017

Hybride løysingar

I denne arbeidsperioden har vi jobba med hybride løysingar. For uinvidde kan nok dette høyra ut som eit framkomstmiddel på biodiesel eller kompost-gass, men for oss som driv med det Digitale Skillet i Kunst og Handverksfaget, blir det noko anna. Vi snakkar om løysingar i undervisninga som kan ta opp i seg det gode gamle handverket, den tradisjonelle kunstvinklinga og det nye digitale på same tid! Reine Kinderegget, altså.

Eg har to gonger gjennomført eit undervisningsopplegg i 10. klasse, der elevane har jobba med linotrykk, for så å ta med seg trykket vidare i leire. Der har dei produsert fat. (Design) I linoleumstrykk har dei jobba på vanleg skissepapir, på rispapir og dei har trykt på utskrifter frå nett.




    
   

                         
Det er denne oppgåva eg no vil vidareføra og gjera hybrid. Digitalisera.
Det er ikkje noko stort problem å få til eit godt foto eller ein scan av eit svart-kvitt linoleumstrykk. På min skule kan eg enkelt ordna dette på kopimaskina. Eller elevane kan ta bilde med eigne telefonar. Dei fleste smart-telefonar har enkle og gode redigeringsprogram. Slik vil dei allereie der kunna jobba med kontrast og utsnitt. Vidare overføra bilda til  nett. Henta dei fram i GIMP. Fjerna bakgrunn, kanskje leggja inn ein ekstra farge i trykket og setja dei inn i ei ny samanheng.
Slik eg har gjort det med makrellen min her:



Det å vera på leit etter gode bakgrunnar blir kanskje den store utfordringa. Skal ein sleppa elevane heilt fri? Ender dei då opp med å sjå kattevideoar på youtube? (Det skjer ofte...) Skal eg gi dei namn på fotografar som jobbar under vatnet eller skal eg gi dei gode søkeord som dei kan bruka i sikre fotosøk? Eg har enda på det siste. I all hovudsak likar eg å bruka Google bildesøk, og hukar av for bilder som er godkjent for endringar til ikkje-kommersielt gjenbruk. Engelske søkeord er å foretrekka. Og gir ein elevane nokre til å starta med vil dei vonarleg utvida søket på eiga hand.

Det har vore mykje plast-snakk i samband med sjøliv den siste tida. Særleg etter at den store kvalen stranda på Fedje med magen full av plast. Eg har lyst til å visa elevane at dei kan nytta bilde som ein politisk kommentar. At dei, ved å kombinera element frå ulike verder i sine bilde, vil kunna seia noko viktig. Som at makrellen min over kan vera skattejeger på same måte som dykkaren i eit flyvrak frå andre verdskrigen.
Og kanskje kunne eg lagt inn ein som svømte mot stimen for å uttrykkja eit anna poeng.

Må leggja inn at eg har late meg inspirera av Jason de Caires Tylor sine arbeid i denne oppgåva, sjølv om han på eit vis har jobba motsatt veg... Fleire av hans arbeid kan du sjå her. Det er så vakkert at det er til å gråte av!!


Den nye undervisningsoppgåva mi finn du her.









torsdag 6. april 2017

Makrell-stim

Straks påske og eg er meir enn klar for å starta hyttesesongen. Det spørs om makrellen har kome enno, så eg leiker litt medan eg ventar...
I studiet mitt denne perioden, har eg tatt tak i eit linotrykk som eg har laga som modellering for elevane på 10.trinn. Dei har laga høgtrykk med "Livet i havet" som tema. Tanken er at dei skal scanne trykket (gjort på rispapir eller vanleg kladdepapir) og perfeksjonera bildet i digital programvare. Slik såg min ut:


Ettersom eg er så begeistra for www.spoonflower.com, har eg leika meg litt. Kan vel vera det blir litt too much med eit par slike stolar, men ein pute eller to, kanskje? Dei neste gåvene herfra vil nok uansett komma i slikt innpakkingspapir. Skitt fiske!


Blei jo ganske fint, ikkje sant? 







søndag 26. mars 2017

DESIGN

Så nærmar det seg slutt på enda ein periode i studiet. Denne gongen med DESIGN i fokus. Vi har sett fokus på design av emballasje og flatemønster meir enn design av produkt.
Eg har tatt føre meg Kari Traa sin emballasje til hennar nye ullundertøy. Fancy og flott, men altså; det er i plast. Og plast vil vi ikkje ha. Særleg ikkje etter at kvalen på Sotra vart funne med magen full av slikt. Så eg har tenkt at ein longs like gjerne kan puttast i ein papirboks. Eller papirembalasje generelt. Mange vil vel tenka som meg, og kanskje er forbrukarar av i dag meir bevisste på dette? Eg trur at målgruppa for dette produkttet er kvinner som meg sjølv. Høgskuleutdanna, grei livssituasjon. For det er dyre produkt. Men du, så fine og gode!
Forhåpentlegvis er vi også der at vi tenkjer på andre enn oss sjølv, og at vi er villige til å ta eit tak for at ungane våre skal få ha ein natur å gå til med sine born.


Slik ser emballasjen ut i dag. Men treng ein eit vindauge av plast for å vita kva som er inne i boksen? Som oftast (alltid) heng det eit prøveeksemplar framme, og det er jo dessutan bilde av produktet på emballasjen! Ville det då ikkje vera like greit om innpakkinga såg ut som under? I papir? Trur eg likar den avlange best sjølv. Men den firkanta vil nok spara meir pengar på transport, då den er lettare å stua i kasser...


Ganske artig i grunn, å driva å dekorera boksar. På www.tempatemaker.nl kan ein finna mange kjekke   maler å prøva seg på. Eg har laga ein liten kunstboks, med info om min favorittmann frå romantikken; Peder Balke.



Ettersom andre delar av oppgåva denne gongen har dreid seg om digital mønsterdesign, har eg sjølvsagt prøvd meg litt på dette og. Eg har gjort forsøk i både GIMP og PAINT. Først med enkle geometriske element, sidan med linotrykk som elevane mine har gjort. Mitt første mønster (GIMP) vart slik: 


På www.spoonflower.com kan ein bestilla metervare av eige design. Kanskje blir dette til eit handlenett eller liknande i næraste framtid? Bra kvalitet, sjølv om bestilte det billigaste lerretsstoffet. Det var og til overkommeleg pris. Levert på ei veke!


No ventar eg berre på ein rull med innpakkingspapir, som eg har designa på same stad, med utgangspunkt i ei måke som vart til dette flatemønsteret:

 

Artig? Eg gler meg til å ta mønster og emballasje med meg ut i skulen. Om du vil sjå korleis eg har tenkt å gjera det, kan du klikke her.

Og slik vart det innpakkingspapiret! Nice!




søndag 12. februar 2017

SketchUp

Trur ikkje eg skal satsa på å bli arkitekt, om lærar-karrieren skulle gå skeis. Men eg har klart å knote meg gjennom denne oppgåva, som er den første i semesteret. No handlar det om arkitektur, og eg har brukt SketchUp for å gjennomføra.
Først har eg gjengitt huset vårt her, og gjort ei endring som eg lenge har hatt lyst å gjera. Nemleg å byggja frukost-terasse på austsida av huset. Rett ut frå kjøkkenet. Men det spørs om det blir gjennomført med det første likevel...


Vidare har eg leikt meg med å teikna og innreia eit minihus, med grunnflate 4X6 meter. Mange funksjonar som skal lærast, men eg får ta det i bruk i klasserommet, slik at eg får erfaringa samtidig med elevane. Det er greit å ligga litt framfor dei, her må eg nok øva meg ei stund...







Og her ser du korleis ein kan bruka den nettbaserte versjonen, i ein heilt enkel oppgåve... basert på denne undervisningsoppgåva.



onsdag 14. desember 2016

Vernissage!

Aiai!

I dag har mine elevar ferdigstilt sine skulpturar, og med det også Padletenene sine med filmsnuttar.
Er nøgd, både med det dei har gjort i keramikk og det vi har fått til digitalt. Kjempestolt. Men alt dette er og ein takk til vår lokale kunstnar Vidar Bratlund-Mæland, som har vore med oss på vegen.
Digital utstilling Klasse 9 A og B
Digital utstilling Klasse 9 C og D

søndag 13. november 2016

Eit slags opplæringsprosjekt

Fredag 11/11 hadde vi utviklingsdag på skulen. Eg ba om litt tid til å presentera studiet eg går på, og kanskje driva litt kompetanseheving hos mine kollegaer i same slengen? Kanskje ikkje så mykje eg kan bidra med, men no etterkvart kan eg litt om mykje... Sjølv om eg, di meir eg lærer, ser at det er veldig mykje eg slettes ikkje kan noko som helst om...