onsdag 14. desember 2016

Vernissage!

Aiai!

I dag har mine elevar ferdigstilt sine skulpturar, og med det også Padletenene sine med filmsnuttar.
Er nøgd, både med det dei har gjort i keramikk og det vi har fått til digitalt. Kjempestolt. Men alt dette er og ein takk til vår lokale kunstnar Vidar Bratlund-Mæland, som har vore med oss på vegen.
Digital utstilling Klasse 9 A og B
Digital utstilling Klasse 9 C og D

søndag 13. november 2016

Eit slags opplæringsprosjekt

Fredag 11/11 hadde vi utviklingsdag på skulen. Eg ba om litt tid til å presentera studiet eg går på, og kanskje driva litt kompetanseheving hos mine kollegaer i same slengen? Kanskje ikkje så mykje eg kan bidra med, men no etterkvart kan eg litt om mykje... Sjølv om eg, di meir eg lærer, ser at det er veldig mykje eg slettes ikkje kan noko som helst om...

tirsdag 8. november 2016

Endeleg ferdig med fotoboka!

Alle bileta er tatt av Viljar og Vårin, på Horgo i haustferien. Dersom du lurer på korleis det ser ut der i eit litt større perspektiv, kan du sjå førre innlegg og bli med i drone over øya vår. Men dei nære ting er og fine. Det forundra meg at desse to trolla mine har så sansen for å ta bilete av så mange vakre små detaljar som vi til vanleg kanskje ikkje ser. Og det har vore kjekt å få bruka bileta i ei vakker lita fotobok, som ei oppgåve i studiet mitt. Nyt.

fredag 28. oktober 2016

Ute hos oss. Havet

Er litt ny med drone, så det humpar avgårde, men

Haustferie. Stille

Hausten 2016 var sommaren vi aldri fekk. I tillegg til flotte helgar og ettermiddagar, fekk vi ei heil haustferie-veke med strålande sol og lite vind. For oss som trivast best i havet, er dette gull. Utfordringane er etterkvart å få ungane med til ei verd utan digitale leiketøy og nettverk. Vel, denne veka i oktober var det gjort eit unntak. Deira ivrige bruk av kamera og iPhone tenkte eg å pusla saman til ein fotobok. Det er heilt utruleg kor fine bilde som Viljar (13) og Vårin (11) har tatt. Sansen for dei nære ting. Og for å vera tilstades. Being there.




Lèonie Hampton
Being there
Try photographing a subject that is close to you, or to your family or friends. Look for something that might be easier not to look at. Be shure to photograph long enough to create a body of work, developing in to the point where you show it in public. Doing so will teach you abut what it means to be truly accountable to your subject. Mothers/brothers/best friends won`t let you get away with anything else.

mandag 3. oktober 2016

Lyd

Neste oppgåve i studiet mitt handlar om lyd. Alle desse lydane som vi omgir oss med. Nokre gir meining, andre ikkje. Lydar vi tar inn og lydar vi ignorerer. Når ein har fokus på ei slik oppgåve, er det merkeleg kor observant ein blir. Lydar frå eit kjøpesenter: Klirring i flaskepant, knirking i handlevogn. Biping i kassen, grinande ungar. Lydar frå ein fotballkamp. Frå eit klasserom, personalrom....
På gjenbruksbutikken fann eg eit telefonregister i plast, som ville prata med meg. Hadde høyrt eindel, men hadde dessverre blitt forkasta til fordel for ny teknologi.

lørdag 10. september 2016

Eg fortset å leika med GIMP under tanken om at "The camera never lies". Og sjølv om dagane er travle, så gjer det et ei god ro å sitja å putla på maskina.
Burde nok helst ta meg ein tur til Trolltunga, for det gjer jo alle andre....eller?
Spørs om denne 11-årigen hadde fått lov av mor til å hoppa så veldig høgt her.




fredag 26. august 2016

Første ut!

Altså blogg. Kven skulle tru! Sjølv om eg alltid har vore relativt pratetrengt og skrivetrengt, er dette første gong. Altså.
Eg er ei middels dame frå ein middels plass på Vestlandet. Jobbar på ein bra skule med flotte kollegaer, og har ein super gjeng her heime.
I dag, på ein middels fredag i august, med langt mindre enn middels haust-vêr, har eg vore på jakt etter motiv med prinsippet om at "The camera never lies".
Inspirert av denne snutten på Youtube, har eg leikt meg (!) med rotet i gangen.
Første oppgåve i studiet eg har gitt meg ut på; Digitale ferdigheiter i Kunst og handverksfaget.



Kunne vore kjekt å kvitta seg med desse...



Voila!



Grunna dårleg(!) med ledig plass i skostativet, står desse midt på golvet.


Blir gaaaaal!






Skal tru om Andy Warhole hadde slike? Salomon, ass...


Ha ei strålande helg! <3