Eg har to gonger gjennomført eit undervisningsopplegg i 10. klasse, der elevane har jobba med linotrykk, for så å ta med seg trykket vidare i leire. Der har dei produsert fat. (Design) I linoleumstrykk har dei jobba på vanleg skissepapir, på rispapir og dei har trykt på utskrifter frå nett.
Det er denne oppgåva eg no vil vidareføra og gjera hybrid. Digitalisera.
Det er ikkje noko stort problem å få til eit godt foto eller ein scan av eit svart-kvitt linoleumstrykk. På min skule kan eg enkelt ordna dette på kopimaskina. Eller elevane kan ta bilde med eigne telefonar. Dei fleste smart-telefonar har enkle og gode redigeringsprogram. Slik vil dei allereie der kunna jobba med kontrast og utsnitt. Vidare overføra bilda til nett. Henta dei fram i GIMP. Fjerna bakgrunn, kanskje leggja inn ein ekstra farge i trykket og setja dei inn i ei ny samanheng.
Slik eg har gjort det med makrellen min her:
Det å vera på leit etter gode bakgrunnar blir kanskje den store utfordringa. Skal ein sleppa elevane heilt fri? Ender dei då opp med å sjå kattevideoar på youtube? (Det skjer ofte...) Skal eg gi dei namn på fotografar som jobbar under vatnet eller skal eg gi dei gode søkeord som dei kan bruka i sikre fotosøk? Eg har enda på det siste. I all hovudsak likar eg å bruka Google bildesøk, og hukar av for bilder som er godkjent for endringar til ikkje-kommersielt gjenbruk. Engelske søkeord er å foretrekka. Og gir ein elevane nokre til å starta med vil dei vonarleg utvida søket på eiga hand.
Det har vore mykje plast-snakk i samband med sjøliv den siste tida. Særleg etter at den store kvalen stranda på Fedje med magen full av plast. Eg har lyst til å visa elevane at dei kan nytta bilde som ein politisk kommentar. At dei, ved å kombinera element frå ulike verder i sine bilde, vil kunna seia noko viktig. Som at makrellen min over kan vera skattejeger på same måte som dykkaren i eit flyvrak frå andre verdskrigen.
Og kanskje kunne eg lagt inn ein som svømte mot stimen for å uttrykkja eit anna poeng.
Må leggja inn at eg har late meg inspirera av Jason de Caires Tylor sine arbeid i denne oppgåva, sjølv om han på eit vis har jobba motsatt veg... Fleire av hans arbeid kan du sjå her. Det er så vakkert at det er til å gråte av!!









