fredag 26. august 2016

Første ut!

Altså blogg. Kven skulle tru! Sjølv om eg alltid har vore relativt pratetrengt og skrivetrengt, er dette første gong. Altså.
Eg er ei middels dame frå ein middels plass på Vestlandet. Jobbar på ein bra skule med flotte kollegaer, og har ein super gjeng her heime.
I dag, på ein middels fredag i august, med langt mindre enn middels haust-vêr, har eg vore på jakt etter motiv med prinsippet om at "The camera never lies".
Inspirert av denne snutten på Youtube, har eg leikt meg (!) med rotet i gangen.
Første oppgåve i studiet eg har gitt meg ut på; Digitale ferdigheiter i Kunst og handverksfaget.



Kunne vore kjekt å kvitta seg med desse...



Voila!



Grunna dårleg(!) med ledig plass i skostativet, står desse midt på golvet.


Blir gaaaaal!






Skal tru om Andy Warhole hadde slike? Salomon, ass...


Ha ei strålande helg! <3