søndag 13. november 2016
Eit slags opplæringsprosjekt
Fredag 11/11 hadde vi utviklingsdag på skulen. Eg ba om litt tid til å presentera studiet eg går på, og kanskje driva litt kompetanseheving hos mine kollegaer i same slengen? Kanskje ikkje så mykje eg kan bidra med, men no etterkvart kan eg litt om mykje... Sjølv om eg, di meir eg lærer, ser at det er veldig mykje eg slettes ikkje kan noko som helst om...
tirsdag 8. november 2016
Endeleg ferdig med fotoboka!
Alle bileta er tatt av Viljar og Vårin, på Horgo i haustferien. Dersom du lurer på korleis det ser ut der i eit litt større perspektiv, kan du sjå førre innlegg og bli med i drone over øya vår. Men dei nære ting er og fine. Det forundra meg at desse to trolla mine har så sansen for å ta bilete av så mange vakre små detaljar som vi til vanleg kanskje ikkje ser. Og det har vore kjekt å få bruka bileta i ei vakker lita fotobok, som ei oppgåve i studiet mitt. Nyt.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)



