I dette studiet har eg først og fremst lært noko
om kor mykje eg ikkje kan. Eg ser framleis ikkje meg sjølv som spesielt
profesjonsfagleg kompetent i bruken av digitale verktøy i Kunst og handverk. Slik er det vel gjerne ofte. At dess meir ein lærer
om eit emne, dess større hol vert ein merksam på.
Eg hadde nok tenkt at det var i KUH eg skulle få den største
kompetansehevinga i studiet, og eg har absolutt endra både undervisning og
tankebaner i faget. Men samtidig har året hjelpt meg med det didaktiske
arbeidet i andre fag eg underviser i. Eg er meir kritisk til kva eg nyttar,
både av bilde og kjelder. Eg har større variasjon i bruken av digitale
verktøy. I tillegg diskuterer eg stadig oftare digitale utfordringar med mine
kollegaer.
Så gjenstår det å sjå, kor fort min kompetanse går ut på dato, kor raskt utviklinga går, og i kva grad eg klarer å følga med i utviklinga. Det kjens godt at dette travle året er over. Men og vemodig. For no må eg pressa meg sjølv til oppdatering og utprøving i nye program. Eit godt stykke på veg er eg jo.
No er det berre til å nyta lange dagar og lyse netter. God sommar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar